Årsmøte i Redal grendalag søndag 7. mars 2010 kl 17.00
Årsmøte i Redal grendalag 7. mars 2010 kl 17.00
Sakliste: 1. Godkjenning av innkalling og sakliste 2. Årsmelding 3. Rekneskap 4. Innkomne saker Informasjon frå styret Arbeidsoppgåver i år Skulemuseum i grendahuset Rasteplass på Dalåsen 5. Val
Andre saker må meldast styret innan 3.3. Oppdatert sakliste på www.redal.no
Kaffi og kjeks
Vel møtt!
|
|
Viltkveld i Redal grendahus 14. november kl. 20 God mat Musikk Billett kr 300
|
Seminar Vevring og Førdefjorden miljøgruppeFramtid for Førdefjorden? Seminar laurdag 28.mars kl 10 – 18.30 på Vevring skule Miljøkonsekvensar av evt. rutilindustri i Engebøfjellet read more ...
|
Årsmøte i Redal grendalag sundag 15.mars 2009 kl 15.00
|
Cowboyfest i Redal grendahus 20. og 21. marsFredag 20. mars er det fest for barn frå 18-21
Laurdag 21.3. kl. 20. er er det dei vaksne sin tur. Festen føregår i kjendt mønster.
|
|
Julegrantenning laurdag 6.12 kl. 15.30 Vi møtest ved grendahuset for å tenne julegrana og treffe bygdefolk over ein kopp kaffi.
|
Fakkeltog i truga natur 22.11Laurdag 22.11 kl. 16. arrangerer Vevring og Førdefjorden miljøgruppe og Naturvernforbundet fakkeltog. Oppmøte ved Vevring skule. Hovudgrunnlaget for toget er: Vern om Engebøfjellet og det biologiske mangfaldet i Førdefjorden. Appell v/ Anne Line Thingnes Førsund og kulturelt innslag ved Fritjof Urdal! På skulen vert det servering av varm gløgg og pepperkaker.
I tilknytning til fakkeltoget vert det også Biologisk Mangfald utstilling i Vevring kl.16.. Utstillinga er laga av Monicha Landøy, og består av preparerte dyr og delar av dyr. read more ...
|
Dansebutikk i Redal grendahusDansebutikken Vevring og Solhexa`s Shop har no opna i den tidlegare lærarleiligheita. Opningstidene er tysdag frå 16.00-19.00, elles etter avtale på tlf: 41 46 37 04. Tilboda finn du her. read more ...
|
|
Søndagskafé i Redal grendahus 9. november kl. 15.30 Vevring Helselag arrangerer kafé med utlodning. Alle er hjarteleg velkomne.
|
Viltkveld laurdag 1. november
|
Flott turkartEit nytt turkart for Vevring er no til sals på Fjordbutikken og hos Redal grendalag. Kartet dekkar området frå Horne til Øvre Redalen.
|
|
Informasjonsmøte om Engebøfjellet Nordic Mining arranger informasjonsmøte om utbyggingsplanane torsdag 11.09 kl. 19 i Redal grendahus.
|
Jakt og fiske i RedalenI Redalsvassdraget fins aure og røye. Det går også opp laks og sjøaure. Det vert seldt fiskekort for heile vassdraget. Fiskekort kan kjøpast hos grunneigarane, blant anna Agnar Horstad tlf 41511251 og Arne Underlid tlf 41299712.
I Redalen har vi også over 40 hjorteløyve. Nokre av desse er ledige for utleige. Dei same personane formidlar kontakt.
|
Miljøgruppe i VevringVevring og Førdefjorden Miljøgruppe skal blant anna skaffe fram og spreie opplysningar om dei helse- og miljømessige konsekvensane av bergverksdrift i Engebøfjellet. På heimesida deira er det mykje nyttig informasjon både for tvilarar, motstandar og tilhengarar av utbygginga.
read more ...
|
Den danske marinen på besøk 23.6.2008
I dag ligg det to flotte seglskip på Liavikja. Svanen og Thyra frå den danske marine er på veg til The Tall Ships Races i Måløy. Dei er 19,5 m lange og har ei høgde på 22,7 m over vannlinja. Truleg er det 100 år sidan her var så store seglskip i Redal og 200 år sidan sist den danske marine var her. Foto Astrid Underlid
|
Referat frå årsmøtet 2008
|
Basar og 4H kafe laurdag 5. april kl. 16Redal Grendalag arrangerer basar i grendahuset. Målet er å få inn nok pengar til ei industrioppvaskemaskin. Vi samarbeider med Redalsgryta 4H som hadde planlagt kafe denne laurdagen. Det blir åresal og trekning frå loddbøkene. Mange flotte gevinstar. Vi håpar på å sjå bygdafolket langs fjorden. Alle som vil vere med er velkommen til ein hyggeleg ettermiddag i flotte festlokale.
Det ligg loddbok på butikken!!
|
Kåbbåy-fest 8. mars 2008Cowboy-fest i Redal grendahus laurdag 8.mars kl. 20.
|
Arsmøte i Redal Grendalag sundag 2. mars 2008 kl. 15Sakliste: 1. Årsmelding 2. Rekneskap 3. Innkomne saker Informasjon frå grendalaget Arbeidsoppgåver i år Redal som eigen valkrins Skulemuseum i grendahuset Utleige av eit rom i grendahuset Andre saker må meldast styret innan 28.2 4. Val
Etter årsmøtet vert det planlegging av 17. mai. Redal og Gryta har ansvaret i år.
Vel møtt!
|
Viltkveld 17.november
Redal Grendalag gjentar suksessen frå i fjor og arrangerer viltkveld i grendahuset laurdag 17. november.
|
Folkemøte om Engebøfjellet 24. oktoberNordic Mining held nytt folkemøte om utbyggingsplanane i Engebøfjellet onsdag 24. oktober kl. 20:00 på Vevring skule read more ...
|
Haustfest i Redal grendahus sundag 30.09 kl. 15.00 4H-fest
Utstilling Program Mat Utloddning Kom og sjå dei flotte 4H-arane og slå av ein prat med folk i bygda.
|
Reguleringsplan med konsekvensutredning for utvinning av rutil i EngebøfjelletNordic Mining har sin plan for konsekvensutgreiing av rutilutvinning er no behandla av utval for plansaker i Naustdal kommune. Planen er lagd ut til offentleg høyring. Høyringsfristen er i midten av september. Planen og vedtaket frå Naustdal kommune: read more ...
|
Ny Redalslogo?
|
Nye fotoalbum på redal.no
Vi prøver å lage nokre fotoalbum både frå eldre og nyare tider. Bilete vert tekne imot med takk. Dette er eit bilete av Wim Lassche. Han sel bileta sine på PhotoBlink Fleire bilete: read more ...
|
Redalsgrend er no historieNaustdal kommunestyre vedtok 10. mai at namnet på grenda vår skal vere Redal.
Namnet Redalsgrend vart påtvinga grenda av postverket då vi fekk eige postkontor på slutten av 40-talet. På forige årsmøte vart det vedteke at vi skulle prøve å få attende Redal som offisielt namn på grenda. No har vi lukkast og ventar berre på kartverket og Vegvesenet. Meir
|
Looking into the Deep - Wim Lassche
|
Folkemøte om bergverksdrift i EngebøfjelletNordic Mining har planer om rutilutvinning. Konsekvensutgreinga kan starte raskt read more ...
|
Årsmøte i Redal grendalag sundag 18.mars kl. 15
|
NEW! on redal.no
|
Julegrantenning!
|
Viltkveld i Redal Grendahus
|
Redalsfrimerka er komne
Vi har no fått laga våre eigne frimerke. Bruk desse på juleposten i år. Frimerka kostar 12 kr pr stk og vert selde på julegrantenninga.

|
Områdeplanen - Julegåva til utflytta redøler.
|